Friday, September 07, 2007

Tango


2 Comments:

Anonymous Anonymous said...

siste par ut
turen åleine å gjøre
heimkomen heim

spegel i vatnet
røynda vender
kven fagrast då er

såg eg meg ut
då du såg inn
vart den betre halvdel

danse seg fluedans
best vere sin eigen make
vasspegelspela

bøygde du kne mot yta
var eg der under munnen i møte
tårene ferdig gretne

fløymde fulle av himmelvæte
flugene visste kva ferda fylgde
spegla spegel telje til to

kvar er den eine ein
fyrst då du svara mitt rop
vart vi to å telja som kvar sin ein

gåte i gåte ligg
vatnet som spegel for fot
ljos gjennom auge til hjerne og hjarte

sende du
eg tok imot
pardansen kvar sin
-----------------
(rableriraptusutløyst)

1:22 AM  
Blogger Irene Larsen said...

kjempemessig! :)

12:06 AM  

Post a Comment

Subscribe to Post Comments [Atom]

<< Home